Søk

Slåttar frå Granvin - Knut Hamre - Hardingfele

Tilgjengelighet: På lager
Varenummer: 978829259873073
399 kr
decrease increase

Eit praktverk av en bok!

Knut Hamre er rekna som ein av dei fremste hardingfelekunstnarar i Hardanger gjennom alle tider. No syner han oss det rike mangfaldet i Granvinsspelet med det store verket Slåttar frå Granvin.

Eit praktverk av ei bok og ei samling på nittisju nyinnspelte slåttar han har vigd heile sitt spelande liv til å fordjupa seg i og vidareformidla.

Den rikt illustrerte og vakkert innbundne boka (152 sider) som følgjer dei fire cd-platene inneheld også essay og biografiar om dei einskilde slåtte-kjeldene på innspelinga, skrive av Benedicte Maurseth, og eit nyskrive dikt av Ruth Lillegraven.

'Granvin er tvillaust ei av dei viktigaste folkemusikkbygder i Noreg, og har vore det lenge.', skriv Benedicte Maurseth i føreordet til Slåttar frå Granvin. Framleis er det mange i bygda som spelar, og Knut Hamre (1952-) minnest frå oppveksten i Granvin på 1960-talet at han kunne gå inn nesten kvar han ville og høyra eller læra felespel. «Alle» hadde ei fele liggande, og det hende til og med at ein lodda ut feler på basar i staden for kaker. I den vesle bygda i Hardanger finst det nesten hundre slåttar knytte til staden, og mange av dei er blant dei fremste komposisjonar i hardingfelerepertoaret.

Knut Hamre
Knut Hamre har sidan 1980-talet gjeve ut mange kritikarroste plater, turnert over store delar av verda som solist og i samarbeid med andre kunstnarar. Han har vunne Landskappleiken i klasse A sju gonger og elles fått fleire høgthengande prisar. I 2017 vart han utnemnd til Kommandør av St. Olavs orden for framifrå innsats for norsk folkemusikk.

Han har i tillegg til eit aktivt og mangslungent liv som utøvande kunstnar, delt slåttekunnskapen sin raust og utan atterhald med tallause elevar, særleg i Hardanger, men også elles i inn- og utland. Han har også vore ei viktig kjelde og pådrivar for Hardanger Spelemannslag sidan midten av 1970-talet. Hans tilnærming til det tradisjonelle repertoaret har likevel alltid vore klår og todelt: Læremeisteren Knut vidarefører tradisjonen så sogerett han kan, slik han sjølv lærte det. Men oppmodar samstundes alltid elevane sine til å finna sin eigen signatur.

Produktspesifikasjoner
Fabrikat-ForlagGrappa Musikkforlag
ProduktHardangerfele, Fiolin
ArtistKnut Hamre
SjangerFolkemusikk/vise
InkludertCD
Produktspesifikasjoner
Fabrikat-ForlagGrappa Musikkforlag
ProduktHardangerfele, Fiolin
ArtistKnut Hamre
SjangerFolkemusikk/vise
InkludertCD
Filters
Sort
display