Sinfonietta Pastorale, Frå Hav til Bre - from Ocean to Glacier, Per Olav Paulsen - Wind band
Tilgjengelighet: På lager
SINFONIETTA PASTORALE
Frå hav til bre / From ocean to glacier
For Wind Band by Per Olav Paulsen
Inspirert av Ivar Eskeland si hyllest til Sunnhordland
Skrive i 1970 og revidert i August 2022
Den som har opplevd Sunnhordland har fått inn heile landet. Skapningssoga treng ein lett revisjon. Før Gud gav seg i kast med dette landet, kvilte han godt ut. So skapte han modellen, eit norsk mikrokosmos, eit filigransarbeid: utal av lyngkledde øyar og idylliske vikar og sund, vern mot havsens villskap: vikingars gamle rike.
Innafor: majestetiske fjellrekkje, skogkledde lier, ein overdådig makelaus flora, fossar og elvar med aure og laks der ørn flyg over.
Smilande flatlendte bygder. Gardar i fjellskorter oppunder fjellbrunene lik ørnereir. Han skoda dette landet og så det var velgjort. Og sette si krone på verket Folgefonn. Sunnhordland: "Little Norway". Har du sett det, har du sett Noreg.
Og folkeslaget: så sjarmerande venleg og tenesteviljug at min medfødde blygskap forbyd meg å seia mer om det.
Gud var i godlag i skapningsstunda og himmelen smiler over Sunnhordland.
Når han ikkje græt gledetårar.
Ivar Eskeland
SINFONIETTA PASTORALE vart skrive i 1970. Første satsen ("Birth of a New Day") hadde opprinneleg tittelen "Aubade" og vart skrive sommaren dette året. Durata 05:10.
2. sats ("High Noon") hadde tittelen "Liten Dans" og vart henta frå nokre små stykker for piano som eg hadde skrive tidlegare. Durata 5:10 min.
Tredje satsen ("Evening Procession of Trolls") kom til under ein av dei mange revsjonene so stykket har gjennomgått. Den siste vart gjort i 2022. Durata 2:50 min.
Sinfonietta Pastorale er inspirert av Ivar Eskeland si hyllest til Sunnhordland, og er ei tenkt reise "Frå Hav til Bre", ei reise du godt kan greia å gjøre a på ein einaste dag.
Per Olav Paulsen, August 2022